|
6
enkle steg til bildebehandling:
For å gjere bileta til websidene eller frå sydenturen
enkle å sende/motta og ikkje minst skarpare og penare
å sjå på, kan det vere lurt å lære
seg eit par enkle grep innan området biletbehandling.
(Sidan mange har engelske program tek vi med båe kommandoane
her)
Om
du vel å bruke Adobe Photoshop eller Adobe Photo Deluxe
som følgjer med når du handlar Canon sine kamera
er framgangsmåten om lag slik:
·
Klikk fil og åpne - Bla deg fram til det biletet
du vil redigere.
· Ta utsnitt. Vel "crop tool eller beskjæringsverktyet"
og skjer ut den delen av biletet som du ønskjer å
ha. Klikk Crop tool igjen for å fysisk skjære
vekk det du ikkje vil ha.
· Endre oppløysinga på biletet.
Gå til images/biletmenyen øvst i menyfeltet.
Vel imagesize/bildestørrelse. Nedst i dette vindauget
ser du at det står oppløysing.
Her kan det godt stå 72 dpi. Det er den oppløysinga
som er tilpassa dei fleste dataskjermar.
Dette er den oppløysinga som vert nytta på bilete
som skal ut på nettsider.
Oppløysinga er lav og bileta tek difor lite plass og
er raske å laste opp.
Viktig å hugse på: Skal du skrive ut bildet kan
det være lurt å ha høgare oppløysing.
Då blir biletet skarpare. Du kan ikkje reversere dette.
Har du først sett eit bilde til 72 dpi, kan du ikkje
ta det tilbake igjen til t.d. 150 dpi. Difor er rådet
vårt å alltid ha ein kopi av originalbildet og
lage ein kopi med eit anna namn slik at ein kan manipulere
utan fatale følgjer.
· Endre storleiken på biletet. Gå
til images/biletmenyen øvst i menyfeltet.
Vel imagesize/bildestørrelse igjen. I midten av dette
vindauget ser du at det står document size/ dokumentstørrelse.
Dette er den fysiske storleiken på biletet. Her skriv
du inn den storleiken du vil at biletet skal ha.
· Juster lys og kontrast Gå til images/bilde
øvst i menyen og gå til adjust/juster. Vel brightness/contrast
eller skarphet/kontrast. Dra nå i markøren. Du
ser at bildet t.d. vert lysare eller mørkare.
· Gjer skarpare Gå til menypunktet filter
øvst i menyfeltet. Gå så ned til "gjer
skarpare" og klikk deg så ut på "gjer
skarpare" i sidemenyen som dukkar opp. Du ser no at biletet
vert litt skarpare.
Du
har no endra biletet ditt og kan trygt sende det kor som helst
utan fare for å irritere andre.
I tillegg har du kanskje fått sansen for grunnleggjande
bildebehandling?
|